Bruket Laberg er en del av Ytre Eikjo gård som ligger under Molden på nordvest-siden av Lusterfjorden innerst i Sogn. Dette er en veiløs gård som man må ferdes sjøveien. Eneste mulighet for å komme hit til fots er ned en kronglete sti fra Mollensmarken over risikable gjel med hundremeters stup ned mot fjorden.
I 1910 valgte Mons Eikum, som den gang eide gården Ytre Eikjo, å flytte til Hafslo for å starte et hotell. Med seg tok han med seg storparten av hovedhuset. Gården ytre Ytre Eikjo ble da inndelt i 2 gårdsbruk og 6 linjer som vi kjenner dem i dag. Hovedbruket ble overtatt av xxx, bruker Laberg kjøpte xxx mens de ulike linjene ble tildelt slekt som enten bodde i Solvorn eller på Ones og ble brukt som ekstraparsell for dyrking av frukt og heshing av høy.
Mosaberg
Moseberg var ein mjølkeplass for Eikum ytre (gnr. 178/1). Denne mjølkeplassen låg litt inn og opp for gardstunet på Eikum ytre og var mjølkeplass for kyrne den tid dei ikkje var på sommarstølen Skåro. Det var ikkje sel eller fjøs her, og mjølka vart boren heim til
heimehusa.
heimehusa.
Hilleren
Ola Schanke Eikum (f. 1910) og kona Kirstina Urnes (f. 1905) fortel at stølen Hilleren var helst ein geitestøl som vart oppbygd av Søren Urnes etter at han i 1922 kjøpte Ytre Eikum, gnr. 178. Før den tid hadde eigaren av dette bruket, Mons Eikum, hatt støl og stølsrettar på Håvarsete i Engjadalen, Gaupne. Mons hadde ein stor båt og førde buskapen sin i båt frå Eikum og til Fehella i Gaupne. Derifrå buforte han dyra sine opp Sandviksberget og fram til Håvarsete. Sjå om stølane i Engjadalen. Søren Urnes byrja med geitesti og måtte ha ein
vårstøl der han kunne vera med geitene frå tidleg om våren. Han bygde då støl med sel og fjøs på Hilleren like ovanfor Stoveflaten (Stuaflåten) på vegen opp mot Mollandsmarki. Her vart det tidleg tøya og bra beite for smalen, så det var ikkje uvanleg at dei reiste med geitene opp på Hilleren alt i mars månad.
Det var berre dette bruket som hadde støl på Hilleren. Stølsvegen var både bratt og vanskeleg å ferdast på. Det var stygge gjel og høge hamrelag som måtte passerast, og det var ulendt både for folk og dyr. Geitene hadde ikkje problem med å koma seg fram.
- Verre var det når me skulle gå avgarde med kyrne, fortel Kirstina Skancke Eikum. Dei måtte me leia i band. Me passa alltid på at toget ikkje var vava fast omkring handleddet, for i tilfelle kua fall utfor dei bratte stupa, skulle me kunna sleppa toget med ein gong utan å bli dregne med i avgrunnen!
Budeiene brukte om lag 45 minuttar på turen opp til stølen, men dei sprang ned att på om lag halvtimen. Jamvel om det ikkje var så lang stølsveg, var budeia likevel fast på stølen. I og med at dette var ein geitestøl måtte ho koka ost av mjølka til kvar dag, og då kunne ho ikkje gå mellom. Omkring jonsok flytte dei frå Hilleren til Skåro. Då kom dei også med kyrne, slik at på sommarstølen Skåro var det både kyr og geiter heile sommaren.
Det vart slutt på ordinær stølsdrift på Hilleren omkring 1950. Selet og fjøsen på Hilleren er ramla ned i dag - berre tuftene syner kvar stølen låg.

Skåro
Skåro var fjellstølen til Eikum ytre. Stølen ligg ovanfor vårstølen Fleto og i retning opp mot Strupen. På Skåro var det også berre eitt bruk som støla, og det vart bygt eitt sel med ein liten mjølkefjøs under. Stølsvegen fylgde den vanskelege vegen frå Eikum og opp til vårstølen Hilleren. Derifrå var det godlendt og fint å gå opp til Skåro. Ein brukte til vanleg ein og ein halv time på denne turen.
Skåro var ein vanleg fjellstøl der budeia var fast på stølen heile sommaren og stelte dyra og ysta ost til kvar dag. Men det hende at dersom det var mykje å gjera med slåttonn eller anna viktig arbeid heime, måtte budeia gå mellom like frå denne stølen.
Dei støla på Skåro frå omkring jonsok og fram til september månad. Då buforte dei attende til Hilleren og var der to-tre veker også om hausten før dei kom heim att til heimebøen med dyra sine. Stølsvegen opp frå Eikum til Hilleren var så vanskeleg at dei kunne ikkje nytta kløvhest. Alt som skulle fraktast til og frå stølen måtte berast på ryggen. Ola Schanke Eikum fortel at han likevel fleire gonger greidde leia ein lausreipa hest opp og ned den bratte stølsvegen. Men det var fleire stader så bratt og trongt at dei kunne ikkje ha sele eller kløvsal på hesten - då tok han bort i berghamrane og kom seg ikkje forbi!
Stølsdrifta tok slutt på Skåro omkring 1950. I dag er selet på Skåro sett i god stand og blir nytta i ulike fritidssamanhengar.

Svarthiller
Svarthiller er sommarstøl/fjellstøl for Baten store (gnr. 126/3), eigar i dag Vidar Bathen. Stølen ligg i nærleiken av Strupen, og det vart nytta same buforvegen. Denne buforvegen blir i dag også nytta av dei fleste som tek den flotte turen opp på fjellet Molden. På denne turen er stølen Svarthiller ein vanleg kvileplass med fint utsyn for alle turgåarane.
Det var berre eitt sel og ein fjøs på denne stølen. Det var eit kombinert stølshus der sel og fjøs var bygde i eitt bygg, men sette saman som ein vinkel i 90 grader. Oftast var det ei leigebudeie på denne stølen, men det hende sjølvsagt at kona på garden måtte ta sin del av stølstida. Også på denne stølen hende det at det var ein del aktingabeist. Oppgjeret for dette var her oftast betalt med pengar.
Per Bathen (f. 1931) fortel at dei bufora frå Fleto til Svarthiller omkring 25. juni. Buforinga føregjekk ved at to mann reiste med buforlasset tidleg på ettermiddagen. Då dei kom fram til stølen, måtte dei alltid ordna med eitt eller anna i sel og fjøs. Og så måtte dei henta ved til budeia. Budeia venta til litt før mjølketida. Då samla ho dyra omkring seg og reiste kallande med bølingen oppetter stølsvegen og kom til støls omkring vanleg mjølketid om kvelden.
På Svarthiller var dei med dyra sine fram til omkring 1. september, eller noko lengre dersom det var fint ver. Svarthiller og Strupen var i bruk fram til 1953. Det var fleire årsaker til at det då vart slutt med vanleg stølsdrift, opplyser Per Bathen. Fyrst og fremst var det på den tid at bøndene byrja organisera beitet sitt med kulturbeite i nærområdet. Det vart då betre høve til å ha mjølkekyrne heime heile sommaren. Dessutan var det på den tid at mekaniseringa i jordbruket starta for fullt. Mjølkemaskinene kom, og levering av mjølka til meieriet var og ei medverkande årsak.
Kilde: Stølar og Stølsliv (bok), Kåre Øvregard, Skald, Leikanger 1999, ISBN 82-7959-006-4

Segn og fakta fra Luster
Her er noen fortellinger og litt historie som vi har samlet inn fra Luster: