Her er noen fortellinger og litt historie som vi har samlet inn fra Luster.
Kjærleikssoga om dottera på Ornes og Vetti-kongen
Frå vikingtida seier segna at det budde ein småkonge på Ornes som heitte Ragnvald. Han hadde ei fager dotter som heitte Signy.
Inne i Årdal budde ein annan småkonge i Vetti, og sonen hans, Hagbart, la sin elsk på Signy. Man Ornes-kongen sette seg imot giftarmål mellom dei to. Difor bygde han eit hus oppe i brattaste fjellet og stengde Signy inne der slik at ikkje friaren frå Årdal skulle nå henne.
Men Hagbart visste råd: Han kledde seg ut som kvinne og rei over fjellet mot Ornes. Der sa han at han var dotter til kongen i Vetti, og ville så gjerne inn til Signy for å sy saman med henne. Dermed slapp friaren inn. Men ei kvinne som heldt vakt, oppdaga lureriet, og medan dei elskande sov, stal ho skorne og sverdet til Hagbart og fortalde Ornes-kongen kva som gjekk føre seg.
Kong Ragnvald fanga Hagbart og batt han med sterke reip, men den sterke Hagbart sleit seg laus. Då skar dei nokre lange lokkar av håret til Signy og batt han med. Hagbart hadde Signy så kjær at han ikkje ville slite av håret hennar, og slik vart han fanga og dømd til å bli hengd.
Men før han gjekk til galgen, hengde han kappa si over eit kjerr. Då Signy såg kappa, trudde ho at det var kjærasten som hang der. Då sette ho eld på huset sitt og brann inne. Staden der huset låg, kallast framleis Signysalen eller Møysalen. Like etter brannen vart kjærasten Hagbart hengd.
Men tenestekvinna - terna - som hadde slarva om kjærleiksparet til Ornes-kongen, vart ille ute: Bygdefolket tok terna og stampa ho ned i jorda. På den staden der ho vart drepen viser enno ei hole som heiter Ternehola, og der veks ikkje eit einaste grasstrå.
Kilde: Allkunne (nettside), Ottar Starheim, NRK Sogn og Fjordane, 19.09.2018

Mellomalderhovdingar på Ornes
Ornes er kjend som eit stormannssete seinare i mellomalderen.
På 1100-talet var Gaute frå Ornes ein mektig mann, og etterkomarane hans var med i leiinga for mange krigar mot kong Sverre Sigurdsson og ætta hans. (Det var på denne tida at noverande Urnes stavkyrkje vart bygt.)
M.a. var sønene til Gaute - Jon frå Ornes og Munan frå Ornes - i fremste rekkja då kong Magnus V Erlingsson med ein flåte på 32 skip støytte saman med kong Sverre i eit slag ved Nordnes i Bergen. Munan var også kong Magnus sin mann i slaget mot kong Sverre ved Fimreite i 1184 - sjå: Slaget ved Fimreite. Ein av sønene til Jon frå Ornes, Arnbjørn Jonsson, vart ein av leiarane for baglarane, og seinare kongen sin syslemann i Østfold.
Både Ornes, Kroken, Talsete og Sørheim var heimstad for norsk høgadel i høgmellomalderen.
I eit testamente frå 1309 etter baron Bjarne Erlingsson til Bjarkøy (d. 1313) var Ornes med på eigedomslista, og Ornes var den største garden som Bjarne åtte. Ved giftarmål eigde baronen då både det store Bjarkøy-godset i Nord-Noreg og Giske-godset med hovudsete på Sunnmørs-kysten. Det siste omfatta også Slinde-godset i Sogndal.

Sidan gjekk godset på Ornes gjennom ulike folk av adelsætt fram til 1663, då bisp Jens Schelderup fekk hand om eigedomen saman med ei mengd andre gardar i indre Sogn. Bispe-dottera Dorthea som arva Ornes, var gift med sokneprest Jens Samuelson Bugge i Leikanger, far til Samuel Bugge (sjå: Kjende personar i Leikanger fødde før år 1700). Bugge-ætta samla seg store jordeigedomar over alt i indre Sogn.
Kilde: Allkunne (nettside), Ottar Starheim, NRK Sogn og Fjordane, 30.03.2011

Utvandringa frå Luster til Amerika
Luster vart ein av dei store utvandrarkommunane i Sogn frå 1845 til hundreårsskiftet. I alt reiste 6.500 personar frå Luster-bygdene i åra mellom 1845 og 1900. Den sterkaste utvandringa var frå Luster prestegjeld, som åleine hadde 3.500 utvandrarar i denne perioden.
Bygdebokskrivaren Lars E. Øyane har rekna ut at 55 prosent av alle borna som var fødde mellom 1851 og 1860 i Luster, utvandra til Amerika. Dei første utvandrarane var Hågen Torsteinsosn Nes, som reiste med familien i 1845.
I Luster som elles i Sogn, førte den sterke utvandringa frå 1840-talet og fram på 1860-talet til ein sterk nedgang i folketalet.
Dei største utvandrargruppene slo seg først ned i Minnesota og Wisconsin, seinare drog dei lengre vest til Dakota-prærien. I Buffalo County i staten Wisconsin vart «Lyster Lutheran Church» bygt i 1867. I 1887 vart «Hafslo Lutheran Church» bygt i Minnesota.
Kilde: Allkunne (nettside), Ottar Starheim, NRK Sogn og Fjordane, 04.06.2012