På disse sidene vil vi føre logg på produksjonen av sideren vår inne på Ytre Eikjo.
EIN TØRR SIDER LAGA PÅ CHAMPAGNEMETODEN
EIKJO SIDER
70% Summerred 30% Gravenstein frå økologisk dyrka fritt veksande tre
Sogn er det eldste fruktområdet i landet. Dei fyrste frukt- og bærtrea kom til Sogn alt i vikingtida og epledyrking skriv seg heilt tilbake til slutten av 1100-talet. Frukta frå Sogn får spesielt god smak og aroma fordi mogninga skjer langsomt med jamn temperatur og mykje lys. Ytre Eikjo er ein sjøgard som ligg på vestsida av Lustrafjorden. Det høgreiste fjellet Molden reiser seg bratt opp nordvest for garden med botnar og gjel ned mot fjorden både nord og sør for gardstunet. Garden er veglaus men ligg lunt til i eit lende med gode klimatilhøve og er mellom dei beste fruktgardane i heile Sogn. Her er det godt jordsmonn med lagring av varme frå fjellsida. Ein sørvestvendt plassering gjer mykje lys som vert forsterka av refleksjon frå fjorden. Dette gir modne smaksrike eple som er grunnlaget for en god sider.