Rekreasjon

Rekreasjon (frå latin recreare, å gje nytt liv) er eit omgrep som dekkjer dei tilstandane som gjer at eit menneske kjem seg til krefter i det daglege ved å frigjere seg frå dei daglege gjeremåla. Det kan vere rekreasjon i å til dømes byte miljø for ei tid ved å reise på hytta, på eit hotell, på ferie i eige eller andre land, gå tur i skog og fjell, drive idrett, ein hobby eller sysselsetje seg med noko som pensar tankane vekk frå dei daglege tema, eller berre å kvile eller take det med ro i si eiga stove.